Ikkje skuld problema til norskfaget på nynorsken!

Det byrjar å bli lenge sidan nynorsk og bokmål vart jamstilte målføre. Ein skulle nesten trudd at sidan det er så lenge sidan, er både norsk ungdom, norske lærarar og det norske folk generelt vande med å bruke begge målføra. Slik er det ikkje. Lærarar, politikarar og elevar har alle meiningar både for og i mot sidemålet. Nynorsk har blitt eit minoritetsspråk blant sine eigne, diverre. Eksamensresultata frå den vidaregåande skulen syner ein middels karakter i begge målføra.

Eg vil i dette innlegget sjå på kva som kan vere årsaka til desse dårlege resultata. Ein skulle jo trudd at ein klarte å få ein betre karakter i sitt eige morsmål, enn til dømes i engelsk og spansk. Eg vil sjå på norskfaget som heilskap, Læreplanen for Kunnskapsløftet 2006 og tidlegare læreplanar, bruken av nynorsk i skulen og i lærarutdanninga, samt andre høve som kan ha vore med å påverke desse resultata.

Er det nynorsken som er problemet i norskfaget, og som fører til dårlege eksamensresultat?

Norskfaget – eit filtreringsfag for fagpersonell?
Å lære norsk er eit av dei elementære tinga for born som bur og veks opp i Noreg. Til og med dei som flyttar hit, må lære seg språket vårt. Det er eit av dei viktigaste faga i skulen, og tek størst plass på timeplanen. Dei andre faga ein gjerne nemnar som særskild viktige, er engelsk og matematikk. Likevel har norskfaget godt over 500 fleire timar i løpet av grunnskulen, enn kva matematikk har. Engelsk vert nedprioritert; norskfaget har over tre gonger så mange timar i løpet av grunnskulen enn kva engelsk kan rutte med (Fag- og timefordelinga, LK06). Desse tala vitnar om eit stort fag, eit fag som tydelegvis er så pass viktig i skulen at det går alle andre fag ein høg rang. Timetalet er naudsynt – nokre vil seie for lite – men det er slik faget står i dag. Spørsmålet som dukkar opp, er vel gjerne kor vidt timetalet hadde vore reelt dersom faget var mindre. Er det faget som er for stort, eller er det timane som er for få?  Sveinung Nordstoga har peika på fem utsegner om norskfaget, der størrelsen er eit av dei:

Disiplinmangfaldet gjer faget vanskeleg, men samstundes ligg her eit stort potensial i å oppdage samanhengar. Oppdagar ein det som bind faget saman i emnejungelen, har ein kome eit stykke på veg i å tileigne seg norskfaget. […] og det set store krav til at formidlaren av faget utviklar eit fagsyn, der ein vektlegg dei sidene ved faget ein finn føremålstenelege, og vel emne deretter. (Nordstoga: 2003:19)

Slik eg forstår det, av sitatet ovanfor, er det opp til sjølve læraren å filtrera ut dei viktige og meir uviktige emna i norskfaget. Dersom alle lærarane gjer dette subjektivt, slik ein gjerne kan tolke Nordstoga, vert det utruleg forskjell på kva elevane rundt i Noreg lærer og ikkje lærer i faget. Eg diskuterte dette med ein kollega av meg, som er i mot å bruka nynorsk som målføre. Ho meinte ein burde bruke meir tid på venndiagram, læringsskjema og tankekart, enn kva ein burde på Ibsen, sjangerlære og skrivetrening. Eg meiner det totalt motsette. Dersom alle lærarane i Noreg som underviser i norsk sit med forskjellige meiningar, får ein eit fag som varierer frå stad til stad. Er det ynskjeleg? Er norskfaget for stort, og dette difor årsaka til dårlege resultat?

Norskfaget blir for stort, for vagt og for utydeleg i informasjonsmengda, i tillegg til at alle har meir eller mindre gode eller dårlege erfaringar med ein norsklærar, eller med norskfaget.[…] (Nordstoga: 2003:31)

Merete Stensby skreiv eit innlegg i tidsskriftet Norsklæreren  at norskfaget er for stort for timetalet sitt. Ho påpeikar at dei fleste norsklærarar nok ynskjer å få til alle måla, men at ein må berre innfinna seg med at norskfaget er for stort for tida det har fått (Norsklæreren nr 1/2011).

For våren 2011 vart gjennomsnittskarakteren på norsk hovudmålseksamen i den vidaregåande skulen, 3.0 nasjonalt. Sidemålskarakteren vart 2.9. Grunnskuleresultata syner eit litt anna høve; hovudmålskarakteren ligg på 3.6 medan sidemålskarakteren ligg på 3.2 (Udir). Begge høva syner eit for dårleg resultat, i mine auger. Kvifor klarar ikkje eleven å få til eit betre resultat i sitt eige morsmål? Det er jo tydelegvis ikkje særleg skilnad på hovudmål og sidemål; ein kan ikkje skulde på målføret. Er det norskfaget som er for stort, eller læraren som er for dårleg? Legg ein til rette for dårleg norskundervisning, når det er læraren sjølv som må filtrere? Subjektive meiningar vert vektlagd, sjølv om det gjerne ikkje er det pedagogiske riktige å gjere.

Skriving og lesing er læreplanfesta!
Både skriving og lesing, som jo er ein stor del av norskfaget, er definert som ein grunnleggjande ferdigheit og skal brukast i alle fag. Ein kan jo difor setje spørsmålsteikn ved dei dårlege eksamensresultata, når eleven skal bruke lesing og skriving i alle fag. Og korleis skal læraren filtrere? Skal han tenkje kva han sjølv fann matnyttig seinare i livet, eller skal han peile elevane inn på emne som er relevante for eksamensoppgåvene? Dersom ein vel det siste, bør ein ikkje då lære elevane å skrive innanfor diverse sjangrar, framfor å lære dei å lage tokolonnenotat og personkart som ein sjølvstendig del av norskfaget? Bør ein ikkje ta seg av desse tinga – altså sjølve strategiane – i andre fag og la norskfaget handle om norsk?

Synnøve Matre peikar på skriftleg kommunikasjon som ein nøkkelkompetanse i dagens samfunn (Matre (red): 2006:10):

[…] Skriving har overtatt i mange kommunikasjonssituasjonar der ein før brukte munnleg språk. Det blir skrive meir enn nokon gong før, både fagleg og privat, i utdanning og arbeidsliv. Vi sender e-post og SMS, skriv instruksjonar og rapportar, deltar i nettdiskusjonar og chatgrupper – for å nemna noko. […] (Matre (red): 2006:10)

Det Matre nemner her, er særs viktig uansett kva for yrke ein vel seinare i livet. Uavhengig om ein har eit handverksyrke eller eit akademisk yrke, kjem ein til å måtte skriva slike ting Matre nemner – og særs lite tankekart og læringsskjema. Dette er strategiar, i mine auger, elevane berre får brukt gjennom skulegongen og ikkje vidare i livet. Spørsmålet dukkar opp på ny; er det verkeleg nynorsken som er problemet med norskfaget i dag?

Viss ikkje nynorsk, kva då?
Det verkar som, for meg, at det er lærarane som er dei som ropar høgast når det kjem til å halde på eller fjerne nynorsk som sidemål. Her er det særleg lærarar med bokmål i si eiga grunnopplæring som er negative, skal me tru Riksmålsforbundet:

Gruppen lærere som selv har nynorsk som hovedmål, skiller seg ut med andre holdninger. Ikke uventet er det et stort flertall blant dem som er mest positive til sidestillingen av bokmål og nynorsk. Her er 83% enig i læreplanens sidestilling av nynorsk og bokmål, mot 45% totalt. […] (Riksmålsforbundet)

Tala vidare er òg som forventa. Lærarane med bakgrunn frå nynorsk er langt frå like negative til sidemålsfilosofien, som dei med bokmålsbakgrunn. Igjen tenkjer eg attende på diskusjonen eg hadde med min kollega: Er det lærarane som ikkje klarar å skilje ut kva ein skal lære og ikkje, i norskfaget – og difor gjer faget for stort og tungt for seg sjølv? Er det lærarane som gjer feilen? Er verkeleg sidemålsspørsmålet det viktigaste?

– Eg har opplevd å få nye lærarstudentar som kjem til oss utan å vite skilnaden på subjekt og substantiv, og den nye ordklasseinndelinga har dei aldri hørt om ein gong […] – Det inneber at vi må starte undervisninga heilt på skratch. Grammatikk er eit fokusområde på mellomtrinnet. Det kan nesten verke som om fleire av studentane ikkje har vore borti emnet etterpå. (Norsklæreren nr. 3/2011:13)

Denne utsegna kjem frå Anne-Lise Wie, som i 14 år har utdanna nye norsklærarar ved Høgskulen i Nesna. I følgje ho er det ikkje berre i grunnskulen og i dei vidaregåande skulane norskfaget er for stort for timetalet sitt; også på høgskulenivå har norskfaget for få timar i forhold til pensum og planar (Norsklæreren nr. 3/2011:13). Viss det også her er problematisk med størrelsen på faget versus timetalet det har fått, må ein kanskje sjå vekk frå sidemålsdebatten og heller gå inn i læreplanen for å leite etter årsaker? Er det vesentleg å diskutere sidemålet i det heile, når ein har eit så stort fag uavhengig av sidemålet?

I stortingsmeldinga Språk bygger broer vert det lagt fram at 14 prosent av det totale elevtalet i grunnskulen hadde nynorsk som hovudmål. I same stortingsmeldinga står det at

Elever med nynorsk som opplæringsmål leser nynorsk og bokmål parallelt fra de begynner å lese, og får dermed en tidlig start i begge målformer. En slik tidlig start er ikke like opplagt for elever med bokmål som opplæringsmål. […] I en undersøkelse fra Utdanningsdirektoratet i 2006 gir elever som har begynt tidlig med nynorsk som sidemål […] uttrykk for at de liker sidemål bedre enn elever som har begynt sent. […] Elever som svarer at de har lært en del eller mye nynorsk på ungdomsskolen, er mer positive til nynorsk. […] (St.meld.23 Språk bygger broer: § 4-2)

Korleis kan ein då finne årsaka til dei dårlege karakterane? Det kjem jo tydeleg fram at nynorsk er noko dagens ungdom kan vere positive til, så lenge dei byrjar tidleg og får god opplæring. Lærarutdanninga melder om for få timar til faget, det same gjer grunnskulen og dei vidaregåande skulane. Konsekvensane av dette vert ein evig spiral, med svakt rusta nyutdanna lærarar som skal lære opp elevar i to målføre – der majoriteten har bokmål som hovudmål. Denne majoriteten har, som det kjem fram av Stortingsmeldinga, ikkje like kriteria som dei med nynorsk som hovudmål, og det er difor ikkje langt mellom kvar negative haldning til nynorsken. Bokmålselevane er avhengig av ein tidleg start med sidemålet, skal me tru Stortingsmeldinga, og med nyutdanna lærarar som har låg kompetanse i norskfaget vil ein kanskje ikkje klare å snu desse haldningane – uansett kor tidleg ein startar.

Eit anna spørsmål som dukkar opp, etter å ha lese saka om elevane ved Tokke skule, er kor vidt lærebøkene på nynorsk må endrast. Elevane i 6.klasse ved Tokke skule deltok i Nysgjerrigper-konkurransen 2009/2010 med språkfeil i norskbøkene som utgangspunkt. Læreverket dei brukte var Ord for alt 6, nynorsk utgåve, frå Cappelen Damm forlag. Klassen laga seg fleire hypotesar, der ein av dei var at dei kom til å finne mellom 20 og 30 skrivefeil i læreverket. Hypotesen stemde. Arbeidet klassen gjorde, førte til nye norskbøker for alle 6.klassingar som brukte læreverket (Språknytt nr. 3/2010:14-15). Finns det like mange feil i alle nynorske læreverk, er sjølvsagt dette ein medverkande årsak til dårlege eksamensresultat.

Då mobiltelefonane kom på marknaden for folk flest på slutten av 1990-talet, opna dette for endå ein påverknad for det norske språket. Plutseleg kunne ein sende korte beskjedar til kven som helst, så lenge dei hadde ein mobiltelefon sjølve. Dette førte til ein ny type språk i Noreg; sms-språket. Ord vart forkorta for å få plass til heile beskjeden. Ein brydde seg ikkje med å skrive grammatisk rett, sidan ein gjerne berre hadde plass til dialektord likevel. Ungdom og unge vaksne byrja å skrive meir og meir dialekt til vanleg. Sms-språket sneik seg sakte men sikkert inn i norskteksten . Det opna nok samstundes for omgrepet Ungdomsspråk i den norske skulen, eit språk ein snakkar når ein er ungdom; ein brukar mange slangord, småord og fyllord, mykje banning, engelske ord og uttrykk og som snur ryggen til dei tradisjonelle dialektane (Haslund: 2006:9):

[…] liksom blir til leom og sjønner du hva jeg mener til sjao mener […] de øver seg på uformelt og engasjert voksenspråk, og mens ungdommer øver seg, overdriver de […] (Haslund: 2006:128-129)

Den sterke påverknaden frå sosiale medium og liknande nettstader dei siste åra har vel heller ikkje vore berre ei positiv oppleving for norskfaget. Ungdom bloggar, dei har “alle” ein profil på facebook, og somme tek seg gjerne tid til twitter. Youtube og Spotify vert flittig brukt. Vert desse media brukt strukturert og med ein visjon bak, kan ein lukkast med å få inn god setningsoppbygging og god rettskriving i begge målføra, men det skal nærast sjølvdisiplin til både frå lærar og elev. Nokre skular og kommunar har gjort det umogleg for elevane å kome inn på visse nettstader, men dette vert ikkje like lett å gjennomføre i den vidaregåande skulen – eller i høgskulen. Elevar vert distrahert og freista til å vitje desse nettstadene, og ofte er lærarane redde for konsekvensane av å ta slike nettstader i bruk pedagogisk:

Den nye teknologien stiller svært store krav til lærerne, de må være faglig dyktige og samtidig ta opp konkurransen med elevenes kontinuerlige oppdateringer på Facebook. Selv om flertallet av lærerne i undersøkelsen [Klasseledelse i teknologitette klasserom (Norsk Lektorlag)] så seg selv som digitalt kompetente, følte de fleste seg tryggest i undervisningssituasjonen uten bruk av PC fordi det var lettere å ha kontroll med elevenes aktiviteter. […] (Liv Berit Tessem, Aftenposten)

Kombinert med påverknaden sms-språket og ungdomsspråket har hatt, er det tydeleg at norskfaget har hatt sitt å stri med dei siste åra. Viss elevane tek med seg alle desse inntrykka til eksamen, er det ikkje vanskeleg å sjå korleis dette åleine kan ha påverka eksamensresultata. Somme vil kanskje argumentere andre vegen; sms-språk, ungdomsspråk og nye inntrykk frå verdsveven er med på å forma ungdommen sin identitet i forhold til språk – men kva hjelp vel det når det er klåre retningsliner for kva for eit språk me skal skrive? Nynorsk og bokmål – ikkje dialektar, ikkje sms-språk, ungdomsspråk eller inntrykk ein har fanga opp.

Konklusjon
Problemstillinga mi var om kor vidt det var nynorsken som var problemet med norskfaget. Slik det ser ut for meg, er det ikkje nynorsken som er problemet i norskfaget i dag. Ein har så mange andre problem ein må sjå på før ein vel å sjå på sidemålet, tykkjer eg. Dette kjem fram av oppgåva mi; norskfaget er for stort og for tungt, lærarane må sjølve filtrera ut uviktige ting og lære frå seg dei viktige – og her er faktisk den subjektive meininga ikkje å koma i frå. Nynorsk er blitt meir og meir eit minoritetsspråk, med berre 14 prosent av dagens elevar som nyttar språket som hovudmål. Eksamensresultata i hovudmål og sidemål er likevel ikkje så forskjellige, difor må årsaka til resultata kome frå andre stader enn at me har to målføre. Digitale medium, mobiltelefonar, læreverk og anna litteratur samt bokmålsundervisning til innvandrarar og til- og fråflytting har nok satt sine spor i eksamensresultata i norskfaget. For nynorsken er det kanskje ekstra synd, sidan ein på denne måten klarar å danne fleire argument mot nynorsken som målføre.

Skriving og lesing skal inn i kvart einaste fag som ein grunnleggjande ferdigheit. Norskfaget tek over seg for mykje i forhold til timetalet. Ein bør kanskje arbeide med strategiar som ein berre får bruk for i skulesamanheng, i andre fag enn norsk. Norskfaget bør kanskje vere eit reint fag som tek for seg sjangrar, skrivetrening og lesing på barneskulen. På ungdomstrinnet bør dialektar kome inn ved sidan av dei andre nemnde. Og sjølv om LK06 har fleire mål som omhandlar nynorsk enn kva L97 hadde, er ikkje dette nødvendigvis ei forbetring. Når ein skal ha lærarar som vel ut kva som er viktig og ikkje, vil ein få, ein eller annan stad i skuleringa, ein negativ konsekvens.

Lærarar er blant dei viktigaste personane i eit born sitt liv, og med dårlege haldningar til eit fag eller eit emne, er det sjølvklart at motivasjonen til elevane fell. Lærarane med nynorsk som bakgrunn syner ein positiv haldning, medan dei med bokmålsbakgrunn er meir negative. Sidemålsdebatten er ikkje daud. Den kviler ikkje ein gong. Elevar, foreldre, lærarar, rektorar og ikkje minst politikarar er alle til stadigheit inne i ein heit debatt om kor vidt ein bør gjere noko med sidemålsopplæringa eller ikkje. Dette får meg til å lure på om desse elevane, foreldra, lærarane og politikarane er blinde for alle dei andre aspekta av norskfaget som heller bør takast opp til evaluering. Kva med å leggje sidemålsdebatten i koma for ein periode, og heller konsentrere oss om korleis me kan få inn læreplanmåla i opplæringa for norskfaget – ikkje for nynorsk og for bokmål som om dei var to separate fag? Ein utopi, kanskje.

(Eksamensinnlevering i Nynorsk i opplæringa 1 ved Høgskulen i Volda, hausten 2011. Karakter: B. Versjonen er forkorta.)

Kjelder:

Haslund, 2006: Ungdomsspråk, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS.

Matre (red.), 2006: Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag, Tapir Akademisk Forlag.

Nordstoga, 2003: Inn i norskfaget: Om faget, debatten og didaktikken, Abstrakt forlag AS.

Omdal & Vikør, 1998: Språknormer i Norge: Normeringsproblematikk i bokmål og nynorsk, Cappelen Akademisk Forlag AS.

Ongstad, 2004: Språk, kommunikasjon og didaktikk: Norsk som flerfaglig og fagdidaktisk ressurs, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS.

Norsklæreren, nr 1, 2011, utgjeven av Landslaget for norskundervisning (LNU), ansvarleg redaktør: Astrid Elisabeth Kleiveland

Norsklæreren, nr 3, 2011, utgjeven av Landslaget for norskundervisning (LNU), ansvarleg redaktør: Astrid Elisabeth Kleiveland

1 thoughts on “Ikkje skuld problema til norskfaget på nynorsken!

  1. Tilbaketråkk: Lag egne ordskyer | serathi

Legg igjen en kommentar