Språksituasjonen i dag – og i morgon: Kva for endringar som må til for å praktisere ei jamstilling mellom bokmål og nynorsk

Samandrag
Er nynorsken på veg ut? Må språket endrast for å framleis leva? Kva for utfordringar møter ein når elevar, føresette, media og lærarar er misnøgde med og negative til språket? Korleis skal eit minoritetsspråk haldast i live i eit aukande innfløkt samfunn, der ein stadig vert møtt med motstand?

Elevane får dårlege karakterar i norskfaget, anten det er sidemål eller hovudmål. Reglar for rettskriving vert revidert og omgjort, somme tider i positiv retning, andre gonger negativt. Lærarutdanning, påverknadskrafta frå media og å digitalisera vert stadig diskutert, gjerne i ein og same setting. Men, for å koma vidare held det ikkje å diskutera. Ein må gjera endringar. Denne eksamensoppgåva handlar om nettopp det; endringar. Framlegg til endringar for det nynorske språket.

Dette blogginnlegget er ein forkorta versjon av mi eksamensoppgåve levert til Høgskulen i Volda, i studiet «Nynorsk i opplæringa». Eksamensoppgåva vart levert inn våren 2012, og fekk karakteren B. 

 

Innleiing
Heilt sidan nynorsk, den gong landsmål, fekk sitt grunnlag i skulen, har det vore strid om kor vidt me framleis skal ha språket som ein del av innlæringa i norsk skule. Nynorsken var i utgangspunktet eit språk for den tids bønder, men har sidan då vorte eit språk for forfattarar, poetar, skodespelarar, politikarar og ikkje minst mange born og unge. Det er nok ikkje feil å seia at slik er det framleis. Men – nynorsken møter motstand den eine og andre vegen, og skal språket framleis vera ein del av oss – ein del av det norske folk – må språket gjennomgå nokre kraftige endringar. Skal ein overleva som minoritet, gjerne auka til å bli på lik line med majoriteten, må lærarar, elevar, styresmakter, føresette og språkforkjemparar gå djupt inn i seg sjølv og sjå kva ein sjølv kan gjera for å få til denne endringa.

Dette blogginnlegget skal omhandle nynorsken i framtida, og eg vil nytta høvet til ikkje å berre leggje fram aktuelt nynorsk stoff, men til å koma med framlegg til endringar språket treng for å ikkje drukna mellom bokmålsord. For kva treng eigentleg nynorsken som språk å gjennomgå av endringar for å ikkje svinna hen? Kva kan kvar einskild lærar, kvar einskild elev og føresett, regjering og styresmakter gjera?

1.0 Språksituasjonen i dag
Før eg går nærare inn på dei endringane som må til, vil eg syne korleis språksituasjonen i Noreg ser ut i dag. Dette er viktig for å forstå kvifor endringar må skje.

Gapet mellom nynorskkommunar og bokmålskommunar er ikkje sjokkerande stort. I 2010 hadde 160 kommunar vedteke å bruka bokmål som hovudmål mot 114 kommunar for nynorsk. 156 kommunar stilte seg nøytrale – og desse tala har vore relativt konstante det siste tiåret. Derimot, om me går inn i sjølve tala ser me at berre 11,3 % av folketalet bur i kommunar med nynorsk som hovudmål (Statistisk sentralbyrå, u.å.). Det er eit større og meir alarmerande gap, og syner den store skilnaden mellom dei to målformene. Det same gjeld dersom me ser på tala spesifikt for grunnskulen (2011), der 532 603 elevar har bokmål som hovudmål mot 78 794 elevar med nynorsk (Statistisk sentralbyrå, 2011). Det utgjer nesten sju elevar med bokmål per ein elev med nynorsk – eller 0,15 nynorskelevar per 1 bokmålselev. Dette syner eit stort problem for nynorsken og korleis vegen vidare kan sjåast ut – særleg dersom me ser korleis vegen tidlegare har vore; andelen nynorskelevar har minka med over 10 000 elevar i perioden 2002 til 2011 medan den har auka med over 10 000 elevar for bokmålet i same tidsperiode (Statistisk sentralbyrå, u.å.).

1.1 Fylka og karakterar
Det er særleg tre fylke som skil seg ut frå dei andre der elevar har nynorsk som hovudmål i grunnskulen. Desse er sett inn i ein tabell for å få eit større oversyn over elevane generelt sett i desse fylka (Statistisk sentralbyrå, 2011):

 

 

 

 

Det same kan gjerast for fylker utan nynorskelevar i det heile: Nord-Trøndelag og Finnmark hadde ingen elevar i grunnskulen med nynorsk som hovudmål i 2011 (Statistisk sentralbyrå, 2011). Ser me særskild på desse fem fylka og går inn i karakterresultata deira frå våren 2011, er det nesten ingen skilnad mellom hovudmåls- og sidemålskarakteren i fylka. Det er derimot ein skilnad mellom standpunktkarakteren og eksamenskarakteren i alle fem fylka; standpunktkarakteren er i snitt 0,5 karakter høgare for hovudmålet og nærmare 0,6 karakter høgare for sidemålet (Utdanningsdirektoratet, u.å.) . Dette kan sjåast av tabellen nedanfor:

Alle desse tala er sjølvsagt reine kvantitative data. Dei seier oss lite eller ingenting om personane bak, og kva som kan vere årsaka til at resultata er som dei er. Til dømes kan ein jo undre om det er lærarane som gjer ein dårleg jobb, om skulen fokuserer for lite på språk, om elevane er mindre interessert og liknande. Det vert alt for mange kvalitative aspekt å inkludera dersom me skal inn og analysera kvart og eit tal i denne samanheng. Men, for å koma vidare i arbeidet med dagens nynorsk, er det likevel viktig å kunne seie noko om somme av grunnane. Eg vil samstundes påpeike at desse slett ikkje treng vere eine og aleine ansvarlege for resultata i grunnskulen i Noreg.

1.2 Negative haldningar til nynorsk
I januar 2012 kom kunnskapsminister Kristin Halvorsen med eit ynskje til det norske språk: Ho ville tone ned satsinga på sidemål, i denne samanheng nynorsk, og satse sterkare på hovudmålet – som nasjonalt sett vert rekna for å vera bokmål. Ei eiga arbeidsgruppe arbeider med å revidera norskfaget og laga ein ny læreplan. Forslaget frå Halvorsen inkluderer ikkje berre vidaregåande og standpunktkarakterar – òg grunnskuleelevar skal sleppa å ha skriftleg eksamen i sidemål (Aftenposten.no, 2012). Skular rundt om i landet har tidlegare prøvd desse grepa for å betra karakteren i norskfaget, utan hell (Almendingen, 2004) (Utdanningsdirektoratet, u.å.), og eit forslag om å prøva ut valfritt skriftleg sidemål i Oslo-skulane vart i februar nedstemt (Noregs Mållag, 2012).

Partiet Venstre vedtok på sitt landsmøte at dei vil satsa meir på sidemålet i skulen. Dei ynskjer å integrera sidemålet i andre fag enn norsk (Langåker, 2012). Dette har skular prøvd ut tidlegare: Holmlia skole starta hausten 2004 eit prosjekt dei kalla Sidemålsløftet – Holmlia skole som gjekk på å nytta nynorsk i eit anna fag enn norsk. Prosjektleiar, lektor Torill Wiiger Tørjesen, skriv i Didaktiske perspektiv på nynorskopplæring (2005) at

Dersom me skal motarbeida negative haldningar elevane har til nynorsk, må me som er lærarar byrja med oss sjølve. (…) Jamvel om læraren ikkje uttrykkjer den negative haldninga si i ord, opplever mange elevar henne gjennom handling. (…) (Nordal, 2005, s. 38)

I følgje Grete Riise, rådgjevar for fylkesmannen, er det dei dårlege haldningane frå lærarar og føresette som må ta på seg ansvaret for problema elevane våre møter når dei skal læra seg nynorsk. Ho seier at

– Sidemålsdebatten handlar uansett ikkje om språket i seg sjølv, men om fleirtalstenkinga i samfunnet som går igjen i haldningane til foreldra og lærarane. I tillegg har dei store riksavisene i Noreg eit redaksjonelt forbod mot nynorsk. (…) (Auestad, 2012)

Det er ikkje berre Riise som har meiningar om sidemålsdebatten og nynorsk. Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, meiner at di meir språk du lærer, di betre vert du i å bruka språk generelt:

(…) Fleirspråkskunnskap gjev deg eit større repertoar for kommunikasjon og uttrykk, og gjev deg eit grunnlag for å verte betre språkbrukar på alle språka du meistrar. (…) I dag er det elevar med nynorsk som hovudmål som i stor monn hentar ut den vinsten. (…) (Øvregård, 2011, s. 34)

Meiningane er mange. Somme har tru på å kutta ut sidemålet som omgrep, andre meiner det er på tide å kutta heilt ut nynorsk. På motsett side kjempar nynorskbrukarar om å få halde på språket sitt.

1.3 Endringar i rettskrivingsreglane
Til hausten kjem det nok ein gong nye nynorskreglar som skal gjera språket lettare å læra. Fleire dialektord er inkludert i reglane, inkludert ordet dokker som skal stå på lik line med ordet dykk og de (Hovdenak, 2011, s. 21). Desse jamstillingane og endringane, som òg har vore gjort tidlegare (ref. –a og –e – endingsjamstillinga som kom i 1959 og perfektum partisipp – endringane frå 1982 (Vikør, 2002)) kan verka noko vanskeleg både for lærar, elev og føresett å halda seg oppdaterte i.

Språkvitarar går ut i media og seier nynorsk er vanskelegare å læra enn kva spansk er. Klaus Johan Myrvoll, stipendiat ved Universitetet i Oslo, meiner at sidemålet, altså nynorsk, er blitt for vanskeleg. Det er for mange valmoglegheiter, seier han (Hammerstad, 2012). Dette har no vorte gjort noko med:

Nemnda har særleg vurdert dei punkta i rettskrivinga der det er valfridom i dag. På mange punkt har ho stroke valfrie former slik at berre éi står att, som for orda no og berre, der dei noverande sideformene nå og bare skal ut. (…) (Hovdenak, 2011, s. 19)

1.4 Nynorsk i lærarutdanninga
Benthe Kolberg Jansson, høgskulelektor i nordisk og norskdidaktikk ved Høgskolen i Østfold, meiner lærarutdanninga er i ein nøkkelposisjon i språkopplæringa (Nordal, 2005, s. 99). I 2010 kom det ut ei ny forskrift som omhandla rammeplanen for grunnskulelærarutdanningane for 1.-7.trinn og 5.-10-trinn, som seier noko om kva for ferdigheiter studentane skal ha når dei vert uteksaminerte. Ein av desse ferdigheitene er at studenten skal meistre norsk munnleg, norsk skriftleg – både bokmål og nynorsk – og at dei kan bruka språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng (Kunnskapsdepartementet, 2010, s. 3).

Sjølv om nynorsk er sett på agendaen for lærarutdanninga, tyder ikkje dette at lærarstudentane er klare for nynorskundervisning. Johanne Nordhagen utførte i 2006 ei undersøking der norske allmennlærarstudentar sine haldningar til å undervisa i nynorsk som sidemål i skulen var tema. Resultata hennar viste mellom anna at lærarstudentane grudde seg til å undervisa i nynorsk som sidemål grunna eigne negative haldningar eller manglande ferdigheiter, eller grunna antekne negative haldningar frå elevane. Samstundes meinte 80 % av dei spurte at det var ei viktig oppgåve å motivera elevane til å gjera det bra i nynorsk som skriftleg sidemål – men under halvparten visste korleis dei skulle gjera det (Slettemark, 2006, s. 29) .

1.5 Nynorsk og det digitale perspektivet
Det digitale biletet sett i eit nynorsk perspektiv har betra seg etter mi meining. Cappelen Damm har i all hovudsak heimesidene sine på bokmål, men leitar ein litt finn ein nokre nynorske skattar òg. Tusen millionar, eit læreverk i matematikk, har sine sider både på nynorsk og bokmål. Det same gjeld nettstaden Norsk start, ei side som omhandlar grammatikkøvingar og liknande. Zeppelin, eit norskverk levert av Aschehoug, er òg høve å få på nynorsk. Likevel er majoriteten av digitale læremiddel på bokmål, og flyttar ein seg utanfor norskfaget er det få digitale læremiddel som opnar for nynorsk. Men – det er på veg, og vonleg vert det meir slikt i framtida.

Òg litteratur som omhandlar det digitale perspektivet har betra seg for nynorsken. Sjå berre på professor Rune Johan Krumsvik, som både skriv på nynorsk, bokmål og engelsk:

Mykje tyder på at læraren er sjølve nøkkelen til at bruk av digitale verkty kan bli integrert i skulen på pedagogikken og faga sine premissar. I dagens samfunnsdebatt om skulen er det ofte underkommunisert kor viktig læraren er, (…) Ein lærar som klarer å motivere elevane er difor “gull verdt” i skulesamanheng. (…) (Krumsvik, 2011, s. 8)

Det Krumsvik her refererer til kan vidareførast til didaktikk som omhandlar nynorsk, ikkje berre digitale verkty. Krumsvik har òg teke del i forfattarskapet i boka Å være digital i alle fag (2009), der han skriv om digital didaktikk og kva for strukturar ein kan ta i bruk i undervisninga. Eg har sjølv vore på førelesning med Krumsvik, og han nyttar nynorsk i lysarka sine. Andre sentrale nynorskforfattarar når det kjem til det digitale perspektivet er Olga Dysthe, som har skrive bok saman med Knut Steinar Engelsen om mapper som pedagogisk reiskap. Dysthe er professor i praktisk pedagogikk og har forfatta fleire bøker. Svein Andersland, tidlegare høgskulelektor ved Høgskulen Stord/Haugesund, hadde òg eit kapittel i boka Å være digital i alle fag (2009) der han skreiv kva som skulle til for å vere digital i geografi – på nynorsk. Slike forfattarar gjer nynorsken meir inkluderande i både lærarutdanning og årsemne ettersom desse bøkene gjerne er ein del av pensum i IKT-baserte emne ved høgskular og universitet.

1.6 Språksituasjonen i dag
I denne delen av oppgåva har eg presentert både kvantitativ og kvalitativ informasjon. Eg har vist til eksamenskarakterar samanlikna med standpunktkarakterar i dei fem fylka som har mest og minst fokus på nynorsk, og eg har teke for meg noko av det som rører seg i nyheiter og i nynorsken i dag. Eg har nemnd nynorsk i lærarutdanninga og i den digitale verda.

Eg kunne òg ha nemnd låg prosentdel på teksting på nynorsk i TV, dårlege haldningar blant lærarar og føresette, lite nynorsk litteratur for born og unge og laber journalist-deltaking – men dette er etter kvart allmennkunnskap, og eg vil difor sjå meir på dette seinare. No vil eg fokusera på kva endringar ein kan gjera for å endra tala, og eg vil gå nærare inn på dei kvalitative funna eg har vist til.

2.0 Språksituasjonen i morgon
Eg trur nynorsken kjempar ein tapt kamp dersom me ikkje gjer noko no. Elevane møter ikkje nynorsk noko særleg andre stader enn i skulen, og dei ser difor ikkje poenget med å læra seg språket når dei berre får bruk for det fram til avsluttande eksamen i vidaregåande skule. Det verkar som dei som kjempar for at nynorsken ikkje har teke sitt siste andedrag, skal sjå alt for mykje attende på kva som har vore gjort før og kvifor det er viktig å halda på skriftspråket. Eg trur det er viktig å sjå forbi denne delen av språket; det er “ingen” som nemner kvifor me skal halde på bokmålet anna enn kva som rører seg no, det er “ingen” som snakkar om kvifor bokmål vart eit språk i Noreg. Kvifor skal då nynorskbrukaren gjere det? Norske lærarar, elevar og føresette har to jamstilte språk å halda seg til, og difor trur eg det er viktig å angripa korleis me held oss til desse to språka. Eg vil difor bruka denne delen av oppgåva til å sjå på korleis nynorsken kan òg i praksis vera jamstilt med bokmål.

Eg kjem til å koma med framlegg til diverse endringar for nynorsken, og eg vil presisera at desse ikkje er stilt i noko kronologisk rekkefølgje på kva eg meiner bør koma fyrst og sist. For mitt vedkomande må alle desse endringane eller tiltaka gjerast for å halda liv i nynorsken.

2.1 Karakterane i norskfaget
Ettersom det ikkje er den største skilnaden mellom hovudmåls- og sidemålskarakteren meiner eg politikarar og andre debattantar kan leggje dette som argument, bak seg. Å nytte “Elevane våre får så dårleg karakter i sidemål, difor må me droppa nynorsken” som argument er ikkje berre feil, det er misvisande. Hadde det ein gong vore slik at skilnaden mellom karakterane var enorm, skulle eg ikkje nemnd noko om akkurat denne delen – men skilnaden på landsbasis er 0,2 karakter som standpunkt og 0,3 karakter som eksamenskarakter i grunnskulen. I den vidaregåande opplæringa har elevane 0,2 karakter betre i hovudmål enn i sidemål i standpunkt – berre 0,1 i eksamenskarakter (Utdanningsdirektoratet, u.å.). Sjølvsagt er sidemålet taparen, om enn skilnaden er låg; sidemålet får minst plass i skulen til fordel for hovudmålet. Men er ikkje det berre naturleg? Har ein nynorsk som hovudmål har ein òg lærebøker og LMS på nynorsk.

Eg trur ein heller bør gå inn og sjå på kvifor desse resultata generelt sett er så låge. Kva er det som gjer at me ikkje får elevane opp på eit gjennomsnittleg firar-nivå eller femmar-nivå? Kvifor heng dei att på tre-talet? Som nemnd har eg ikkje tenkt å driva denne årsaksanalysen, men eg trur det er viktig at nokon gjer det. Nokon som kan sjå på norskfaget med objektive augo, som kan gjennomføra både kvantitative og kvalitative undersøkingar og som kan gje oss andre noko å arbeida med vidare. Difor:

Det må til ei årsaksgransking når det gjeld dei låge eksamens- og standpunktkarakterane, slik at lærarar og elevar veit kva dei skal fokusera på for å løfta karakterane.

2.2 Negative haldningar til nynorsk
Forslaget frå Kristin Halvorsen vart teke i mot med blanda kjensler. Somme tykte dette var eit supert forslag, andre meinte det var å øydeleggja nynorsken og å gå i mot sin eigen partipolitikk. Endringar må nok til for å få betre karakterar i norskfaget, for å gjera faget mindre subjektivt for den enkelte lærar og for å vera i tråd med prinsippet om at alle born skal få ein lik skulegong. Det trur eg ikkje det finns noko tvil om, verken hjå lærarar som gruppe eller ned på dei enkelte nivå. Samstundes trur eg det òg kan vere lurt å gjennomføra sidemålsopplæring både i norskfaget og i eit eller to andre fag, slik Holmlia skole gjorde. Som nemnd er det allereie sett ned ei gruppe som skal arbeida med å gjera læreplanen i norskfaget annleis, vonleg vert faget meir overkommeleg både for lærar og elev. Difor:

La fagfolk ta seg av kva som må gjerast med dei enkelte faga og fokuser på kva fagmiljøet både frå den eine og den andre sida seier. Ikkje bring inn synsing frå lærarar du trefte i gongen.

2.3 Rettskrivingsendringane
På arbeidsplassen min har eg fleire kollegaer som ikkje vil undervisa i norskfaget fordi dei ikkje lenger kan nynorsk. Dei har hatt gode karakterar i språket frå grunnopplæring og frå vidaregåande opplæring, men er så usikker på kva for ord som er lov og ikkje lov i nynorsken i dag at dei vegrar seg for å i det heile skriva på tavla. Somme igjen er så pass avhengig av lærebøkene for å i det heile skriva på vekeplanen. Det kan føre til at dei som framleis heng med i endringane og veit kva som er lov og ikkje, får meirarbeid med å retta den andre læraren.

Elevane er òg usikre. Eg spurte ein 6.klasse om følgjande:

Viss Aasen sitt arbeid framleis skal sjåast på som viktig, må me ikkje då stadig endra nynorsken til å passa dialektane som vert brukte i dag?

Elevane var semde om at alle endringane i nynorsken gjer at språket vert vanskelegare å læra. Viss dette er stoda òg hjå andre elevar i andre aldersgrupper, stiller eg spørsmål til kvifor dette vert gjort om og om att. Sjølv om det kanskje berre vert gjort mindre endringar, er det likevel endringar som gjer språket meir komplisert. Elevane slit med å forenkla ord med dobbelkonsonant når dei skal gå frå infinitiv til preteritum, då dei ikkje veit kva for ord som skal ha –te – ending og –de – ending: å kjemme – i går kjemde eller kjemte eg?

Sjølv om Vikør berre nemner endingsendringa og perfektum partisipp som store reglar, kjenner eg sjølv på denne kjensla med å ikkje heilt ha oversikt over kva som er lov og ikkje i nynorsk i dag. Difor held eg meg til språket eg lærte i grunnskulen, og skriv “berre” framfor “bare”, “skule” framfor “skole” og “byrje” framfor “begynne” – sjølv om desse bokmålsorda tydelegvis er lov i dagens nynorsk (her har eg ikkje medrekna dei nye rettskrivingsreglane). Eg måtte gje elevar feil på diktaten frå Carlsten lesetest for 6.klasse då dei hadde skrive “skuledagen” og “skulebussen” når dei eigentleg skulle skriva, ut i frå kva diktaten sa, “skoledagen” og “skolebussen”. Difor:

Ikkje tru sidestillingar, jamstillingar og endringar skal gjere språksituasjonen betre, når den i røynda vert meir uoversiktleg og vanskeleg å gjennomføra. Fokuser heller på å gjera språket så reint og ryddig som mogleg. Løysingar gjort på ad-hoc er ikkje naudsynt gode løysingar!

2.4 Nynorsk i media
Når elevane våre ikkje er heilt der at dei kan sjå engelskspråklege program utan tekst, er det naturleg å sjå på dei programma med. Dette er vel og bra, då dei får ei betre språkforståing både for det tala og det skriftlege språket i det aktuelle programmet. Med så mange TV-program som er teksta på bokmål får nærmast elevane bokmålet gratis. Eg spurde elevane i 6.klasse følgjande:

Bør alle skriva bokmål ettersom me møter dette oftast i TV, aviser og i yrkeslivet?

Her fekk eg ein delt klasse. Somme meinte det vart lettare å læra seg norsk dersom me alle gjekk over til bokmål, medan andre meinte alle burde skriva nynorsk nettopp fordi me møter bokmål så mange stader elles. Eg kan forstå begge synspunkta – men eg trur ikkje verken det eine eller det andre er løysinga. Eg trur heller det er viktigare å få inn nynorsk teksting i andre kanalar enn berre NRK, slik som TV2, TVNorge og TV3. Tilgangen på TV-kanalar har endra seg drastisk dei siste åra – og difor må styresmakter inn og leggja føringar for korleis programma skal tekstast – òg i dei kanalane som ikkje er eigd av staten. Kanalane sjølv kan òg gjere tiltak for nynorsk ved å gjera dei mest populære seriane sine nynorskteksta framfor bokmålsteksta. Eit døme på dette er programmet Ein idiot på tur på NRK, der me møter briten Karl Pilkington. Pilkington reiser rundt i verda og møter det meste med pessimisme og pakkar alt inn såpass morosamt at sjåaren ikkje kan gjere anna enn å følgje med og le. Programmet er teksta på nynorsk, ligg gratis ute på NRK Nett-TV og går på NRK i desse dagar. Sjølv har eg brukt denne serien i samfunnsfaget, og elevane var fascinerte over programmet. Dei forsto lett Pilkingtons britiske aksent når dei fekk tekst på sitt eige skriftspråk. Difor:

Alle dei norske TV-kanalane bør gjere endringar i kva for program dei vel å teksta på bokmål og kva for program dei vel å teksta på nynorsk. Å ha nyheitsankarar med “nynorske dialektar” er ikkje godt nok.

Det same gjeld eigentleg for avisene. Kor mange aviser skriv eigentleg på nynorsk? Kvifor er det så få nynorskskrivne artiklar i dei største avisene våre, VG, Dagbladet og Aftenposten, dersom skriftspråka er jamstilte? Her har både regjering og redaksjonar i avisene eit tak å ta. Difor:

Legg vekk eigne haldningar til nynorsken og hald dykk til fakta. Nynorsk og bokmål er jamstilte, haldningane dykkar kan gjera det vanskelegare for elevane våre å læra seg begge målformene. Jamstilt tyder på lik line – då bør òg dei “nasjonale” avisene bruka språka på lik line.

2.5 Språksituasjonen i morgon
Eg skal ikkje seie mine framlegg er fasit, ei heller noko som styresmakter eller lærarar treng å ta omsyn til. Dei er framlegg. Dei er framlegg frå ein frustrert nynorskelskar som ikkje kan forstå kvifor så mange slit med norskfaget i det heile. Eg ser ikkje kvifor dette skal vere ein diskusjon ein gong. Difor har eg prøvd å vera så enkel som mogleg i mine forslag til kva som bør gjerast for at nynorsken skal overleva språkdebatten og revideringa av norskfaget. Mange andre forslag kunne òg vore inkludert i denne delen av oppgåva, men arbeidet er allereie i gong når det kjem til den digitale nynorsken, arbeidet er allereie i gong når det kjem til nynorsk i lærarutdanninga. Då vert det for meg håplaust om eg, ein enkel norsklærar og norskstudent heilt nede i grasrota, skal koma med omveltande endringar som allereie er på veg inn.

3.0 Konklusjon
Sjølv om nynorsk har møtt mykje motstand både frå politikarar, lærarar, elevar og føresette, har språket kjempa for å framleis eksistera i Noreg. Det gjer det enda.

Eg trur det er lurt å sjå på årsakene bak dei svake eksamens- og standpunktkarakterane – uavhengig av sidemål og hovudmål. Karakteren er ikkje god i verken den eine eller andre målforma.

At norskfaget er inne til revidering ser eg på som noko positivt, som vonleg fører med seg ei mindre subjektiv norskundervisning som styrkjer både bokmål og nynorsk på lik line.

Dei nye rettskrivingsreglane stiller eg meg noko ambivalent til; det er bra med mindre valfridom, men eg reagerer på innføringa av dialektorda.

Nynorsk treng nok å inkluderast meir i lærarutdanninga, men eg trur det i all hovudsak er ei haldningsendring som skal til. Det trengs òg i somme av avisene våre, samt i somme av dei store forlaga som gjev ut læreverk til skulane. Det er særs mykje bokmål, men samstundes er nynorsken på frammarsj når det gjeld det digitale.

Kjempar me ikkje med dei rette våpna, trur eg nynorskkampen er ein tapt kamp. Eg trur heile krigen er tapt om me vel å fokusera på all debatten, alle dei negative haldningane og all kulturen i språket. Soleis er kanskje mi oppgåve eit paradoks i seg sjølv, og det paradokset skal eg stå for. Både politikarar, lærarar, elevar, føresette og alle andre som måtte meine noko om saka bør prøve å vera meir løysingsorienterte, me bør alle halde oss til fakta og til korleis stoda er – i eit heilskapleg bilete – før me i det heile byrjar å diskutere om det bør skje nokre endringar med jamstillinga av våre to, flotte skriftspråk, frå 1885. For den diskusjonen er eg særs viljug til å ta når me har prøvd alt det andre.

Bibliografi
Aftenposten.no. (2012, januar 24.). SV-Halvorsen vurderer mindre satsing på nynorsk. Henta 21. april 2012 frå Aftenposten.no: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/SV-Halvorsen-vurderer-mindre-satsing-pa-nynorsk-6747715.html#.T5Ll4at1DVY
Almendingen, B. (2004, september 9.). Får fjerne nynorsk. Henta 19. mai 2012 frå Nettavisen: http://www.nettavisen.no/innenriks/article275096.ece
Auestad, G. E. (2012, januar 24.). – Negative haldningar øydelegg for nynorsken. Henta 22. april 2012 frå NRK: http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.7967061
Hammerstad, K. (2012, januar 24.). Språkekspert: – Vanskeligere å lære nynorsk enn spansk. Henta 22. april 2012 frå NRK: http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.7967366
Hovdenak, M. (2011). Nynorsknorma – slik blir ho. Språknytt, 18-21.
Krumsvik, R. J. (2011). Den digitale lærar: Digital kompetanse i praksis. Oslo: Pedlex Norsk Skoleinformasjon.
Kunnskapsdepartementet. (2010). Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanningene for 1.-7.trinn og 5.-10.trinn. Henta 22. april 2012 frå Regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/upload/KD/Rundskriv/2010/Forskrift_rammeplan_grunnskolelaererutdanningene.pdf
Langåker, S. O. (2012, april 15.). Vil ha meir språk i skulen. Henta 22. april 2012 frå framtida.no: http://framtida.no/articles/vil-ha-meir-sprak-i-skulen#.T5PaFqt1DVZ
Nordal, A. S. (2005). Didaktiske perspektiv på nynorskopplæring: Skrifter frå nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Volda: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
Noregs Mållag. (2012, februar 17.). Nynorsksiger i Oslo. Henta 21. april 2012 frå Noregs Mållag: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10197&id=3430
Slettemark, B. (2006). Nynorsk som sidemål: lærerholdninger og opplæringspraksis i grunnskolen i Oslo. Henta 22. april 2012 frå Nynorsksenteret.no: http://www.nynorsksenteret.no/img/nsfno/Hele_oppgaven.pdf
Statistisk sentralbyrå. (2011). Elevar, etter elevens målform og fylke. Henta 21. april 2012 frå Statistisk sentralbyrå: Statistics Norway: http://www.ssb.no/utgrs/tab-2011-12-15-08.html
Statistisk sentralbyrå. (u.å.). Elevar i grunnskulen, etter målform. Henta 21. april 2012 frå Statistisk sentralbyrå: Statistics Norway: http://statbank.ssb.no/statistikkbanken/Default_FR.asp?PXSid=0&nvl=true&PLanguage=0&tilside=selectvarval/define.asp&Tabellid=03743
Statistisk sentralbyrå. (u.å.). Kommunar, etter målbruk: Statistisk sentralbyrå. Henta 21. april 2012 frå Statistisk sentralbyrå: Statistics Norway: http://www.ssb.no/aarbok/tab/tab-239.html
Utdanningsdirektoratet. (u.å.). Resultater – eksamenskarakter. Henta 21. april 2012 frå Skoleporten: http://skoleporten.udir.no/rapportvisning.aspx?enhetsid=00&underomrade=0c44631e-a28f-4e7d-abb3-35d54cd0212c&vurderingsomrade=88e13531-a5b6-4c33-ad87-b0ceb59b26b1&skoletype=0
Utdanningsdirektoratet. (u.å.). Skoleporten: Resultater: Videregående opplæring: Oslo fylke. Henta 19. mai 2012 frå Utdanningsdirektoratet: http://skoleporten.udir.no/rapportvisning.aspx?enhetsid=03&vurderingsomrade=88e13531-a5b6-4c33-ad87-b0ceb59b26b1&skoletype=1
Vikør, L. S. (2002). Utviklinga i nynorsk 1950 – 2000. Henta 21. april 2012 frå Språkrådet: http://www.sprakradet.no/nb-no/Politikk-Fakta/Fakta/Nynorsk/
Øvregård, H. B. (2011). Eit norskfag som sikrar felles språk. Norsklæreren, 34-36.

Advertisements